8. Å leva tett på oppdrettsnæringa - Haldningar til oppdrettsnæringa i Finnøy kommune samanlikna med nordmenn flest

18 april 19:00 - 20:00

8. Å leva tett på oppdrettsnæringa - Haldningar til oppdrettsnæringa i Finnøy kommune samanlikna med nordmenn flest

Elisa Ravagnan

Havbruk (som i norsk samanheng i all hovudsak handlar om lakseoppdrett) er vår største eksportnæring etter olje og gass. Dette gjer det til ei verdsett næring. Styresmaktene har som mål at produksjonen skal auka. Men sjølv om næringa frå politisk hald blir halden fram som viktig både for sysselsetjing og verdiskaping, er ho også omdiskutert. Media har stadig oppslag om blant anna ureining, lakselus og rømming. Også i forsking er havbruk på dagsorden. IRIS gjennomfører for tida prosjektet «AquaAccept, finansiert av Havbruksprogrammet til Norges forskningsråd. Prosjektet har som overordna mål å bidra til ei meir berekraftig havbruksnæring ved å tilby eit beslutningsstøtteverktøy til aktørar som administrerer kysten. Ei av arbeidspakkane handlar om haldningar til lakseoppdrett.  For å få tak i nordmenn sine haldningar har det vorte gjennomført ei landsdekkande spørjeundersøking.  I tillegg ønskte me å få kunnskap om korleis det er å leva tett på havbruksnæringa. Sidan både folk ved kysten og i innlandet deltok i den nasjonale spørjeundersøkinga, gjennomførte me også ein nærstudie i ein kommune der me visste havbruksnæringa var til stades. Nærstudien føregjekk i Finnøy kommune i Rogaland og bestod av den same spørjeundersøkinga som vart gjennomført på landsbasis, 9 gruppeintervju med ulike aktørgrupper og to folkemøter.  

Kort oppsummert er det å seia at folk i Finnøy stort sett verkar å vera ganske pragmatiske. Finnøybuarane er ein befolkning prega av iverksetterar og sjølvberging har vore viktig for øysamfunnet. Såleis går fiskeoppdrettarane inn i ein lang tradisjon av sjølsysselsetting og entreprenøriell framferd. Dei har sine motførestillingar mot oppdrettsnæringa, men dei meiner ikkje at næringa må vekk. Derimot meiner dei at ho bør driva meir miljøvenleg. Oppdrettsnæringa blir ikkje sett som det største trugsmålet mot miljøet i havet. Det som heftar ved oppdrettsnæringa er for det første dei lokale konsekvensane i form av ureining og at torsk og reker forsvinn. For det andre er det det urettferdige i at ein fjern eigar haustar store gevinstar utan at lokalsamfunnet, som opplever ulempene, ikkje får noko igjen for det. Den lokale forankringa er viktig. Det ser me i det at folk føretrekk lokale eigarar og meiner at det er kommunane som bør vera hovudansvarleg for arealplanlegginga i kystsona.