Korleis påverkar sjøtemperatur og funksjonelle aminosyrer respons til virus i immunceller frå diploid og triploid laks in vitro?

18 april 15:30 - 16:45
Olympia

Korleis påverkar sjøtemperatur og funksjonelle aminosyrer respons til virus i immunceller frå diploid og triploid laks in vitro?

Om sommaren og utover hausten kan det i periodar vere sub-optimalt høge sjøtemperaturar for laks på Sør- og Vestlandet, noko som fører til fleire fysiologiske og metabolske konsekvensar for laks i oppdrett. Grunna klimaendringar er det forventa at sjøtemperaturen stig, og dermed kan oppdrettsfisk bli utsett for fleire og lengre periodar med temperaturar over optimum for vekst. Fisk eksponert for høge sjøtemperaturar tilpassar og endrar metabolismen, noko som resulterer i endringar i ernæringsstatus, feittsyresamansetjing i membranar, lågare nivå av antioksidantar og endringar i redokspotensiale. Dette kan påverke integriteten og funksjonen av immunceller, og evna til å handtere virus gjennom ein optimal immunrespons. Virussjukdomar står for ein stor del av produksjonstapet i oppdrett i dag, og det er difor viktig å undersøke korleis interaksjonar mellom sub-optimal temperatur og endringar i ernæringsstatus påverkar immunresponsen. Triploid laks er i dag under vurdering for kommersielt oppdrett grunna potensielle fordelar for miljø og produksjon. Triploid laks er funksjonelt sterile, noko som eliminerer genetiske interaksjonar mellom rømt oppdrettslaks og villfisk, og reduserer modning under produksjonen. Triploid laks er derimot meir sensitiv ved sub-optimale miljøforhold og skilnader er sett i immunresponsen etter virussmitte samanlikna med diploid laks. Difor blei triploid laks inkludert i denne modellen. Eit in vitro forsøk blei utført for å undersøke om temperatur, inkludert endringar i metabolisme og ernæringsstatus, påverka immunrespons til ein virusmodell (Poly I:C) i diploid og triploid laks. I den same modellen blei det undersøkt om immunresponsen blei påverka av aminosyrene histidin og arginin, sidan desse kan påverke både inflammasjon og oksidasjonsprosessar. Primære hodenyreceller blei isolert frå diploid og triploid laks som var haldt på 13 eller 18°C i 2 månader. Cellene blei stimulert med Poly I:C, med eller utan ekstra histidin og arginin i mediet i 24 timar. Resultata vil bli presentert med fokus på skilnader i ernæringsstatus i fisken, immunrespons, signal og oksidativt stress etter Poly I:C stimulering i fisk eksponert for ulike temperaturar. Resultat frå dette studiet vil vere nyttig for å auke robustheit ved utfordrande produksjonsperiodar, inkludert periodar med høge temperaturar og sjukdomsutfordringar.