Eit effektivt utval for betre fôrutnytting krev nøyaktig registrering av fôrinntak hos enkeltfisk, noko som føreset nøyaktig registrering av ikkje spist fôr. I tillegg må fisken ha tilnærma like god tilvekst som fisk som går saman med andre fisk. Vi fann at i kar utan fisk kan ikkje spist fôr samlast opp med høg nøyaktighet på ei rist utanfor karet (93% av tal pellets og 85% av tørrstoffet). Variasjonen mellom kar og mellom dagar, i tal pellets på rista, i prosent av totalvariasjonen, var låg (2,0 % mellom kar og 2,1 % mellom dagar). Vidare testa vi tilvekst og fôropptak hos fisk som gjekk i kvart sitt kar (470 L vatn, 10 ⁰C) i tre fire-vekers periodar: periode 1 med 10 kar; periode 2 med 5 av dei 10 kara/fiskane i periode 1; og i periode 3 med dei fem fiskane i periode 2 i same karet. Som kontroll i alle tre periodane brukte vi tilvekst hos fisk i to kar (470 L vatn) med 10 fisk/kar. Gjennomsnittleg vekt av fiskane var 350 g ved starten og 780 g ved slutten av forsøket. I perioden 1 var tilveksten (TGC) på fisken i dei 10 kara låg (1,25) samanlikna med fiskane i dei to kontroll kara (2,69). I periode 2 var tilveksten hos dei fem fiskane høgare enn i periode 1 (2,96), men 11,4 % lågare enn tilveksten til fiskane i dei to kontroll kara (3,34). I periode 3 var tilveksten til dei fem fiskene høgare (2,94) enn fiskane i dei to kontrollkara (2,23). Korrelasjonen mellom TGC i periode 2 og 3 var positiv (0,62) for fiskane i kontrollkara, men negativ (-0,72) for dei fem fiskane som i periode 1 gjekk i kvart sitt kar, men i same kar i periode 3. Dette tyder på omrangering med omsyn til tilvekst når fisk som i ein periode går åleine i kvart sitt kar i ein etterfylgjande periode går samen i eitt kar. I så fall er det ikkje mogleg å teste fôrutnytting hos fisk som går i kvart sitt kar. Men dette bør etterprøvast i eit forsøk med fleire fisk og der dei testa fiskane får gå i same kar i ei lenger periode enn fire veker.